Kongeleg kabaret med aktørar frå Arthurspelet

Arrangementsinformasjon

Vi inviterer til kongeleg kabaret på Kongsvollen på Sandsøya! Det er sett saman ei førestilling med utgangspunkt i aktørar frå Arthurspelet. Her får du song, musikk, dans, teater, revy og anna moro. Kanskje vert det nokre utdrag frå Arthurspelet også? 

Det vert lagt ut 200 billettar til førestillinga, med andre ord god plass til å halde god avstand på spelplassen. 

Om du vil sikre deg transport utover, så kan du kjøpe båtbillett samtidig som du kjøper billett til førestillinga. NB: Merk at du må nytte den avgongen du kjøper billett til; dette kan ikkje endrast. Merk også at båtbillett må løysast for alle, også dei som går gratis på førestillinga (under skulealder).