page view image

Agenda with Friends - Kråen Gard

EVENT INFORMATION
event image

Agenda turnerte mange spelestader på slutten av 90-talet og på byrjinga av 2000-talet. Siste åra har det vore ein og annan spelejobb, og no er turen komen til å spele på Kråen Gard i Hallebygda på Larsnes. Det vert ein intimkonsert i fantastisk flotte omgjevnadar. Gjengen har også med seg nokre venar på scena, men det vert ei lita overrasking kven dette er... Så berre å gle seg!

Det er avgrensa tal på plassar denne kvelden, så om du ynskjer å ta turen må du sikre deg billett. Det vert servering av snacks, enkle matrettar, og drikke. Kråen Gard har skjenkeløyve, medbrakt er ikkje tillatt. Skulle du ha eit ynskje om å ete middag før konserten, har Kråen Gard nokre få ledige plassar til middagsservering, ta då direkte kontakt med Kråen Gard (www.kraengard.no).

Dørene opnar kl 21 - Agenda går på scena ca kl 22.

Restrictions

20 års aldersgrense